Hopp til hovedinnhold

Islands tur

Søndag 23.04 reiste Akvakulturklassane på studietur til Island.

Søndag 23.04 reiste Akvakulturklassane på studietur til Island. Vi måtte møte 06.30 på Flesland for å ta fly via Oslo til Keflavik. Det er to timar tidsskilnad mellom Island og heime, så det har vore ein lang dag. Det er utruleg kjekt å reise med denne gjengen og vi gler oss til fortsetjinga.
Vi bur i Åsabru på eit kjekt hostel på det som tidlegare har vore ein Amerikansk flybase. Det ligg ca. 10 minuttars køyring frå Keflavik by, som har ca. 10.000 innbyggjarar. Vi tok tidlegare i år kontakt med ein fiskarfagskule som har hjelpt oss med å sette i saman eit godt fagleg, kulturelt og sosialt program.
Vi vil holde dykk oppdatert på kva opplevingar vi får, og kjem til å legge litt bilete.
Vi vil nytte høve til å takke nokre bedrifter og opplæringskontor som Lerøy Vest, Fluctus, Opplæringskontoret i Austevoll, Opplæringskontoret for fiskerifaga i Hordaland og Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Måløy som har vore med å sponse oss til denne turen