Teknologi- og industrifag

mobbåt øvelse

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje Teknikk og industriell produksjon:

Moderne samfunnsliv er utenkjeleg utan programfaget teknikk- og industriell produksjon.  Heile den industrielle sivilisasjonen er bygd opp av fagfolk som stadig har utvikla og betra reiskapane, hjelpemidla og daglegvarene våre.  I kvardagen møter vi mekaniske produkt overalt: uret, radioane, komfyren, kjøleskåpet og bilen.

Vg1 Teknikk og industriell produksjon.
Du som vel ei utdanning innanfor dette programfaget, må lære å meistre metodane i faga, verktøy og reiskapar, maskiner og måleinstrument, teknisk teikning.  Dette utstyret blir nytta til å utføre mange oppgåver: å dreie, frese, bore, kappe, skjere, klinke, sveise eller lodde.

Om eitt av yrkesfaga er "Kongen" over andre fag, må det vere dette faget.

Teknikk- og industriell produksjonsfag opnar opp for nærare 60 ulike yrke, alt frå industrimekanikar, verktøymakar, platearbeidar, materiale administrasjon, matros og motormann, til det å verte yrkessjåfør.

Utdanninga er krevjande og svært interessant, og gir godt grunnlag for arbeid i framtida.

Opplæringa fører frem til fagbrev, og du kan ta vidare utdanning som fører fram til teknisk fagskule og ingeniørhøgskule.

Vg2 Maritime fag - byggjer på vg1 TIP eller vg1 Elektrofag:

Ynskjer du å starte ein spanande maritim karriere på havet, anten i styrhuset eller maskina?
Då er dette linja for deg!

Etter vg2 maritime fag kan du reise om bord i lære som matros eller motormann på mange forskjellige typar farty som for eksempel; fraktebåt, ferje/cruisebåt, tankbåt, offshorefarty, brønnbåt eller slepebåt.
Kanskje du ser for deg ein karriere i Kystvakta? Forsvaret rekrutterer lærlingar som har gjennomførst vg2 maritime fag, og skulen samarbeider med forsvaret når det gjeld utplassering av elevar i løpet av skuleåret!

Etter avlagt fagbrev kan du søkje studieplass ved teknisk fagskule maritim fagretning - fordjuping til dekkoffiser eller fordjuping til maskinoffiser.

 NB!
Etter fullført vg2 maritime fag (anten motormann eller matros), 2 år i lære om bord på skip og 2 års teknisk fagskule, kan du løyse eit av verdas høgaste maritime sertifikat, anten sjøkaptein (D1) eller maskinsjef (M1).