Hopp til hovedinnhold

Naturbruk

Naturbruks klasse i Lofoten

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Kvifor velje Naturbruk:

Vel du Naturbruk blå variant opnar det seg mange jobb alternativ innan fiske og havbruk. Noreg er ledande nasjon innan fiske og havbruk og du kan få drøymejobben på dei mest moderne fiskebåtane som finnast. Havbruk er eit satsingsområde der det blir mange spanande jobbar å få.

Blå naturbruk

Vg1 naturbruk

Naturbruk er eit utdanningsprogram for utdanning innan primærnæringane.

Naturbruk er eit felles vg1 for mellom anna akvakultur, fiske, landbruk, skogbruk med andre ord fag som handlar om miljø.

Alt etter kva interesser du har, får du prøva deg i praksis i ulike fag.

Naturbruk gir deg både allmennkunnskap og yrkeskompetanse med sjanse til å ta fagbrev. Fagbrev kan du ta etter 4 år – 2år på skule og 2 år i lære.

Skulen legg opp til besøk i ulike bedrifter: fiskebåtar, fiskeindustri, oppdrettsanlegg samt  Austevoll havbruksstasjon.

Fiskeskipper klasse C er med i studiet, samt utplassering 2-3 veker på fiskefarty, eit oppdrettsanlegg eller på ein notverkstad.

Tidleg i skuleåret gjennomfører elevane grunnleggjande tryggleiksopplæring for sjøfolk (50 timar). Dette kurset er eit krav for alle som skal ha havet som arbeidsplass.

Her er elevane med på hummerfiske med havforsknings institutet 

hummaren vert målt og registrert før den sleppast ut samme plass som den blei fangsta

Vg2 akvakultur

 Oppdrett av ulike artar er ei av Noregs viktigaste næringar, og denne næringa vil i framtida berre fortsetje å vekse.

Austevoll vidaregåande skule har sidan 1978 hatt eit tilbod for akvakulturutdanning og tilbyr ei praktisk og teoretisk utdanning. I løpet av året vil du få praktisk  opplæring med lokale oppdrettarar i 10-11 veker (settefisk og matfisk), og på skulen vil du få eit godt faglig og teoretisk påfyll av mange gode lærarar.

Etter skuleslutt kan du gå 2 år i lære i ei bedrift der du vil få fagbrev og moglegheit til å arbeide i ei næring med gode framtidsutsikter, med varierte arbeidsoppgåver, gode løns- og arbeidsvilkår.  Vg 2 akvakultur gjer deg teori til fagprøven i tillegg til allmenne fag, slik at du med eit påbyggings år får generell studiekompetanse. Dersom du ser for deg ei høgare utdanning på universitet eller høgskule (marinbiologi) vil eit slikt utdanningsløp være midt i blinken.

Austevoll vidaregåande skule tilbyr mange ulike sertifikat og kompetansebevis, alt frå fritidskippar (om du tek naturbruk her) og VHF sertifikat, til stroppe og anhukerkurs og kompetansebevis for truck (T1-T4).

Vg2 fiske og fangst

Dette kurset byggjer på vg1 Naturbruk og er det rette for deg som vil bli fiskar, eller som ser for deg ei framtid som skipper.

Programfaga fordjupar deg i mellom anna navigasjon, skipslære og sjømannskap, samt økonomi, økologi og arbeid med fiskereiskap.
I faget "Prosjekt til fordjuping" får du tilbod om undervisning etter Sjøfartsdirektoratet sin emneplan for kompetansesertifikat dekkoffiser klasse 5 (kystskipper), samt ROC (VHF/GMDSS).

For å få godkjent dei 4 ulike eksamenane for kompetansesertifikat dekkoffiser klasse 5, må ein ha karakteren 3 eller betre.
I løpet av skuleåret vert du utplassert i 4 veker på fiskefarty.
Vg2 Fiske og fangst gjev grunnlag for opplæring på fiskebåt, og du kan søkje vg3 Naturbruk som gjev deg studiespesialiserande kompetanse.
Etter avlagt fagbrev for fiskar, kan du søkje studieplass ved maritim fagskule - fordjuping dekkoffiser, som gjev deg grunnlag for å løyse dei høgaste nautiske sertifikata når du har nok fartstid.