Hopp til hovedinnhold

Elevtenester

Bilde av skulen

 

 

Spes. ped ansvarleg

Eg arbeider med å følgje opp elevar som treng ekstra støtte på skulen. Nokre av tinga eg kan hjelpe med er:

  • Tilrettelegging i undervisninga
  • Søkje om individuell tilrettelagt opplæring
  • Kartlegge elevar for dysleksi.
  • Lydbøker, digitale hjelpemiddel  og andre læringsverktøy
  • Ekstra tid på prøver og eksamen

     

    Natalie Kolbeinsvik Haugland

    adjunkt m/tilleggsutdanning
    Natalie Kolbeinsvik Haugland.jpg

Miljøkoordinator

Som miljøkoordinator, arbeider eg for å skape eit trygt, inkluderande og engasjerande skulemiljø for elevane våre. Målet er at alle skal kjenne seg sett, høyrde og ivaretekne, både fagleg og sosialt.

Eg legg til rette for ulike aktivitetar gjennom året, og sørgjer for at elevane får møte kvarandre i gode og uformelle rammer. Kvar veke held vi Open hall, der idrettshallen er open på kveldstid for klatring og andre varierte aktivitetar. Her kan elevane vere aktive, møte vener og oppleve meistring i eit sosialt fellesskap.

I kvardagen er eg ein trygg vaksenperson elevane kan kome til dersom dei treng ein samtalepartner, råd eller støtte. Eg gjennomfører òg program i klassane som er retta mot psykisk helse, rusførebygging og trivsel. Her samarbeider eg tett med både lærarar og andre fagpersonar for å sikre at elevane får god oppfølging.

Eg har også ansvar for elevrådet, der me saman jobbar for å skape eit betre læringsmiljø og ein sterk elevstemma på skulen.

Som miljøkoordinator jobbar eg kvar dag for at skulen skal vere ein stad der alle kjenner seg velkomne, motiverte og trygge.

Jofrid Kalve Sæle

adjunkt m/tilleggsutdanning
Jofrid.jpg

Elevråd

Elevrådet skal arbeida for trivsel og godt samarbeid i skulemiljøet, og ta opp elevsaker og fremja dei for skuleadministrasjonen. Elevinspektøren er elevrådet sin kontaktperson inn til skuleleiinga. Elevrådet er samansett av ein tillitselev frå kvar basisgruppe. Desse vel sjølve eit elevrådsstyre. Styret skal ha leiar, kasserar og skrivar og elles så mange medlemmer som elevrådet vedteke.

ELEV- OG LÆRLINGOMBUDET

Venke Nordeide er elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune og jobbar for at du som er elev eller lærling skal få rettferdig behandling.

Lurer du på noko som gjeld skulekvardagen din? Er du usikker på kva som er innanfor? Kva som er greitt og kva som er ugreitt når du er lærling? Får du opplæringa du har rett på? Opplever du at noko er urettferdig?

Dette og meir kan du snakke med Venke om. Ho passer på rettane dine og informerer deg om ansvaret ditt. Ho har teieplikt!

Meir informasjon finn du på Vestland fylkeskommune si nettside. Du finn dei også på Snap (Elombud) og på Facebook (Elev- og lærlingombodet i Vestland).

 

 

 

 

 

IKT Konsulent

Rolf Atle Rolfsnes er IKT-konsulent ved skulen, og har kontortid tysdagar og fredagar frå 08:00 - 14:00.

Dei andre dagane i veka er han på Fitjar vgs.

Har du IKT-problem, kan du ta kontakt på telefon eller registrera saker her

 

 

IMG_442211001.jpg

Noko å spise?

Har du det litt for travelt om morgonen til å spise frukost eller lage niste? Då er det bra at vi har ei  kantine med stort utval av både mat og drikke.