Hopp til hovedinnhold

Historie

Fiskarfagskulen i Austevoll

FISKARFAGSKULEN I AUSTEVOLL

 

Allereie i 1946 vart «Statens fiskerfagskole på Vestlandet» stifta om bord på sjølvaste Statsråd Lehmkuhl. Der vart det utdanna «høvetsmenn» (skiprar), maskinistar og stuertar. Ettersom Statsråd Lehmkuhl støtt og stadig var på tokt, vart skulen i 1952 flytta til Melkeplassen. Etter kvart vart det trongt om plassen på skulen og staten gjorde vedtak om at Fiskerfagskolen skulle flyttast til ein av fiskerikommunane i nærleiken av Bergen. Mange kommunar ville ha skulen, men til slutt var det Austevoll som trakk det lengste strået. Fiskarfagskulen i Austevoll stod ferdig i august 1978 og har frå den dag halde til på Sauganeset.

I 2010 var me så heldig å få renovert omlag heile skulen i tillegg til å få eit flott 3 etg. påbygg. Dette arbeidet kom på godt og vel 70 mill. kroner. Skulen framstår i dag som ny og moderne med gode fasilitetar for både elevar og tilsette.

12. desember i 2011, berre eit år etter at skulen framstod som heilt ny, var det eit fæla uvêr med lyn, torden og mykje regn. Ei dør inn til simulatoren vår blas open og regnet kortslutta ein av servarane der. Dette førte til ein brann som gjorde at heile "brua" vårt der navigasjonssimulatoren stod, brann ned. Det vart også mykje vannskade i etg. under som førte til at den delen av skulen på ny måtte byggast om og renoverast.