Hopp til hovedinnhold

Fritidsbåtskipper - D5L

Austevoll vidaregåande skule er godkjent som kurshaldar for Fritidsskippersertifikat og Fiskeskipper C

D5L – Fritidsskippersertifikat:

For å føre eit  fritidsfartøy med skroglengde frå og med 15 meter og inntil 24 meter i stor kystfart, er det krav om Fritidsskippersertifikat.

For å få fritidsskippersertifikatet må du være fylt 18 år og i tillegg dokumentere:

  • Bestått eksamen som dekker vedlegg III tabell A-II/3, fritidsskippereksamen avlagt hos kursarrangør godkjent av Sjøfartsdirektoratet eller har vore innehavar av eit dekksoffisersertifikat utstedt etter STCW-konvensjonen.
  • Erklæring frå lege om tilfredsstillande syn, fargesans og hørsel etter Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk - § 30.
  • Minst 12 månaders fartstid som nemnt i § 24, disponert og regelmessig brukt eit farty med største lengd større enn åtte meter i minst tre år eller bestått praktisk utsjekk ved godkjent skule.

Fiskeskipper C:

For å vere ansvarshavande vaktoffiser på fiskefarty bruttotonnasje under 50 og største lengd mellom 10,67 og 24 meter i fartsområdet bankfiske I, eller skipsfører på fiskefarty med største lengd mellom 10,67 og 15 meter i fartsområdet bankfiske I, er det krav om Fiskeskipper C.

For å få sertifikatet Fiskeskipper C må du være fylt 18 år og i tillegg dokumentere:

  • Bestått eksamen som dekker vedlegg III tabell A-II/3 eller godkjent fritidsskippereksamen.
  • Erklæring frå lege om tilfredsstillande syn, fargesans og hørsel etter Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk - § 30.
  • Gyldig Short Range Certificate (SRC/VHF) utstedt av Telenor Maritim Radio.
  • Gyldig tryggleikssopplæring for fiskarar.
  • Minst 12 månaders fartstid på fiskefarty med største lengde 10,67 eller meir.

Kurs og eksamen

Fritidsskipperkurset og Fiskeskipper C-kurset, er eit emnebasert kurs som skal dekke den teoretiske og praktiske opplæringa. Kurset er på 120 undervisningstimar fordelt over åtte moduler, der kvar modul har ein skriftlig eller praktisk avsluttande eksamen: 1.Navigasjon 2.Navigasjonshjelpemidlar 3.Sjøvegsreglar og bruvakthald 4.Skipslære 5.Tryggleik 6.Teknologi/motorlære 7.Navigasjonshjelpemidlar i praksis 8.Handtering av fartøy.

Meir informasjon om Fritidsskipperseritifkat finn du på Sjøfartsdirektoratet si nettside.

Læreplan D5L/Fiskeskipper C