Hopp til hovedinnhold

Seglas til Stavanger med fiske og fangst B

Bilde av Stø kurs i langenuen

Då elevane på vg2 fiske og fangst b sjølv fekk planlegge tur med M/S Stø Kurs, vart det Stavanger som vart destinasjonen. Avreise vart sett til kl. 12:00 tysdag. Etter proviantering og klargjering starta me seglasen mot Stavanger.

Elevane gjekk vakter to og to der den eine var navigatør, medan den andre var dagbokførar og hadde utkikk. Seglasen gjekk frå Austevoll vgs, gjennom Langenuen, Karmsundet og til Stavanger og var 80 nautiske mil lang. Etter ca. 8 timar var me fortøydd i Stavanger sentrum. Under seglasen vart det baka peparkaker til kaffien og karbonadar til lunsj. Om kvelden diska elevane opp med taco til middag. 

Etter landlov der elevane fekk seg ein liten tur på næraste butikk, starta nattevakta, der elevane gjekk kvar sine tre timar på vakt. Under vakta passa dei på fortøyingane og gjekk brannrundar.

Onsdagen starta med ein god frukost om bord før turen gjekk til Oljemuseet. Der fekk elevane sjå og høyre om olja si historie fram til i dag. Dette var noko både elevar og tilsette fann interessant.

Etter litt eigentid og shopping, gjekk turen vidare til «Fangene på Fortet» der elevar og tilsette fekk prøve seg på ulike utfordringar der dei ved hjelp av logisk tenking, quiz og samarbeid skulle komme seg ut av ulike rom.

Kvelden vart avslutta med bowling før me gjekk om bord i Stø Kurs att. Neste morgon starta seglasen heim att. Elevane gjekk vakt heile turen og fekk prøve seg både som navigatør og utkikk/dagbokførar i trygt oppsyn av skipper og maskinist.

Både elevar og tilsette var svær nøgd med turen som var en suksess både fagleg og sosialt.