Elevane våre har testa engelskundervisning i praksis, denne gongen på verkstaden.
I dag har to av TIF-klassane hatt engelskundervisning på verkstaden.
Der valte dei kvar si maskin eller eit verktøy som dei presenterte og demonstrerte bruken av for resten av klassen. Elevane presterte godt, og følgde godt med då andre snakka.

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
Målet med fellesfagsundervisninga er å jobbe utanfor klasserommet så langt det lar seg gjere. Når elevane får kombinere fagkunnskap med konkrete situasjonar, blir dei både meir engasjerte og tryggare i bruken av språket. Slik undervisning bidreg til at dei ser samanhengen mellom det dei lærer på skulen og det dei kan møte i arbeidslivet.
