Hopp til hovedinnhold

Streik!

INFO TIL HEIMEN!

Då er me inne i den tredje veka med streikande lærarar. Austevoll vgs har 7 lærarar i streik, der 5 av dei er kontaktlærarar i ulike klassar. Då me ikkje har lov til å setje andre personar til å ta funksjonen som kontaktlærarar, vil dette sjølvsagt merkast i klassane. Streiken råkar klassane våre i større og mindre grad. Nokre av klassane har berre eit eller to fag dei ikkje får undervisning i, medan vg1 teknologi- og industrifag kun har to fag dei får undervisning i…

Me har prøvd å komprimere skuledagen til elevane så godt det let seg gjere, slik at dei ikkje skal sitte i fleire timar utan lærar. Elevane får sjølvsagt ikkje fråvær for dei timane der dei har streikande lærarar, men dei vil få fråvær om dei ikkje møter opp til timar der dei  har lærar. Alle elevane har ein app som heiter Visma, der oppdatert timeplan ligg inne.

Når det gjeld fråvær, kan dette meldast til faglæraren dei har den aktuelle dagen, eller det kan meldast til avdelingsleiar:

Håvard Magnus Njåstad, mob: 951 35 841 for vg1 naturbruk, vg2 fiske og fangst og vg2 akvakultur

Nils Ove Sørvik, mob: 991 13 134 for vg1 teknologi og industrifag og vg2 maritime fag

Foreldremøtet me skulle hatt no i september vert utsett til streiken er over.

Ta gjerne kontakt med ein av oss i leiinga ved skulen om noko skulle vera uklårt eller om du har spørsmål.

 

 

Med vennleg helsing

 

Vivian Bjånesø Horgen

rektor