På fredag var Vg2 fiske og fangst gjengen så heldig at dei fekk vitja Selbjørn og Inge Halsteinsen. Ein engasjert og kunnskapsrik mann imponerte elevane våre med fiskerihistorier og utstillingar. Han fortalde om eldre tider og plutseleg var me dradd inn i historia til fiskeriet, heilt frå fiskarane padla seg ut etter silda, til dei rodde, fekk segl og fram til i dag då store, effektive, motordrivne båtar får opp store verdiar frå havet. Nedgangstider generasjonar før oss opplevde var og tema.
Elevane fekk og vandre gjennom galleriet i Bekkjarvik torg, der den eine fiskerihistoria etter den andre vart formidla til eit lydhøyrt publikum. Me kunne ikkje vitja Selbjørn utan å ta turen innom Hengjo, og Inge fortsette si historiestund der. Her fekk elevane sjå ulike båtar og reiskapar fiskarar nytta før i tida.
Som lærar vart eg imponert av historieforteljaren, men og imponert over dei fantastiske elevane våre som var svoltne på kunnskap og viste ei stor interesse for historia til fiskeriet. Ein veldig fin dag!